Renate Sjo Kvalheim

img_0964klippet

Idag har vi lansert bryllupssiden vår! Ta ein kikk og skriv gjerne ein hilsen :)

Skal prøve å ikkje la da bli tradisjon å berre koma med innlegg kvar hundrede dag :/ Dagane har gått veldig i ett i det siste til tross for at eg er sjukemeldt fortsatt. I tillegg har eg fått halsebetennelse eller noko i den dur. Har også fått vita at eg har hatt kyssesjuko dette året. Det forklarer kanskje eindel, men det er nok over nå. Nok unnskyldningar! :D

Så.. Hva har skjedd sidan sist? Eg har blitt 28 år og det har gått opp for meg at før eg er 29 er eg fru. Kvalheim. Det er fint! :) Min lillesøster er blitt 25 år, og min farmor er blitt 75 år. Me arrangerte kvar sitt overraskelsesselskap til dei, og det er alltid gøy! Eg har funne brudekjolen min! Skal ikkje legge ut bilde av den ennå, men kan jo fortelle at eg er særs nøgd! Espen har også funnet bryllupsantrekket sitt. Må innrømme at eg var med og fekk sjå han. Gleder meg ikkje akkurat mindre til å sjå han stå der framme i kyrkja av den grunn!!! Alle damene som jobba i brudesalongen og meg var veldig enig i at han er ein skikkelig kjekkas :)

Nå er eg begynt å koma i julastemning. Julastjerne i vindauga, pepperkaker og gløgg på bordet og jazz i høgtalarane er viktige ingrediensar. Var heime hos fam. Kvalheim å pyntet pepperkakehus sammen med Espen og Andreas (Espens lillebror) sist helg. Kos kos kos :) Skal feira jul borte fra Mamma og Pappa for første gong i år. Da blir jo litt spennande. For eindel år sidan skulle eg feira jul hos Kjartan og Dadda, vekk fra Mamma og Pappa. Det heile endte med at eg trakk meg. Blir spennande å sjå korleis det går denne gongen :)

Forresten; Er det nokon som kan gi denne bamsemumsen ein diagnose?

img_0924

Ha ein feiande flott dag folks!

Diagnose på bamsemums:
Akutt «Skurartuosebidtoseccussisslingla» (Norsk: Ut-avhovudet-opplevelse).

Det der er espen som ikke klarer og holde seg vekke fra deg Renate =)

Hehehe :) Blei heilt forvirra her eg nå.. Kven skal eg tru på? Eller er dette egentlig samme diagnosen?

Skal ikkje sjå vekk i frå at det kan stemme, nei. I såfall lider me begge av den «sjukdommen» Renate :D

Skal være både sikkert og visst! :D

Gleder meg til neste innlegg på sida di, kjære! Rekner ikkje med at det kjem før om 60 dagar, då er det jo 100 dagar sidan dette innlegget vart publisert :D

Faktisk er negative tall såpass unaturlige at en gresk matematiker rundt år 300 mente at ligningen 4x 20=0 var absurd. De første som beskrev negative tall var kineserne en gang mellom år 200 f.Kr. og 200 e.Kr. Mange europeiske matematikere nektet å forholde seg til negative tall til godt utpå 1700-tallet!

Legg attende ein kommentar

Gullkorn:

En silhouette er også ein person

Marthe Christine Valle, 19. august 2009

v2 · renate sjo kvalheim, 2003-2008 · drive av wordpress